onsdag 31. juli 2013

Prologen er gjennomført......

No er me på plass så langt Nord ein kjem i Noreg. I kveld kom Mette, Sander og Eline med fly til Honningsvåg. Heile støtteapparatet er på plass.
Jane er teamsjef, ansvarleg sjåfør sørover, administrasjonssjef og sjef for det meste. Mette er bloggsjef og assisterande sjef, Sander på 8 er Donald- og massørsjef (han tek 5 kr for 10 min), Eline på 5 er godteri- og issjef og eg har kun ansvaret for å trø, drikka og eta.


Det var ein fin start på turen på Nordkapp i kveld; 24 grader og delvis sol, eit nydeleg lys, men mykje vind.

I morgon syklar eg Honningsvåg- Alta, håpar på god vindretning.  
Fredag går turen frå Alta til Nordreisa.
Laurdag til Tromsø.
Sundag over Kvaløya, Senja og Andøya.

Takk for mykje hyggelege helsingar i dag!

Sånn såg det ut når eg sykla prologen i kveld. God start, sjølv om motvinden var sterk.

Nordkapp


No kjære sykkel er me på Nordkapp og du får rulla sjølv til Lindesnes. 
Tida på taket er over, men eg skal hjelpa deg.
Eg trør og du rullar.
Samarbeidar me godt går det fint.
Kort prolog i kveld, Nordkapp- Honningsvåg.
Fin kveldstur, i morgon vert det tøffare!


I går køyrde me frå Rognan til Storslett i Nordreisa. Utruleg mykje fin natur og nydeleg ver. Fotoet er teke like før ferja på Bognes med utsikt i retning mot Lofoten.
Me stoppa sjølvsagt i Heggelia for å sjå på tilstanden til "gamle leiligheita vår/Forsvaret sin" i Blokkv 1 B. 
No har me køyrt ca 1600 km frå Hafslo og ikkje sett eller møtt nærpolitiet, heller ikkje fjærnpolitiet (som mange heller vil innføra).

mandag 29. juli 2013

Jane og eg køyrde bil i lag til Rognan i dag. Kvalitetstid i lag i bilen....  Sjølv om eg må vera ærleg å sei at me køyrde ein av dei kjedelegaste sterkningane i Noreg, nemleg Namdalen. Jane meinar at Snåsavattnet var svært idyllisk, og det er eg samde i. 
I Mosjøen møtte me "gamlelensmannen" i Luster Arne Kvalen og kona Anne Helen. Han var min gode sjef i 6 år.
No fekk me 4 ein hyggeleg lunsj i lag på ærverdige Fru Haugans. Eit hotell eg har overnatta på fleire gonger på mine reiser. Kan anbefalast.
Det var vekslande ver i dag. Til tider kraftig regn- eg tykkjer det er fint at det regnar frå seg no før eg byrjar å sykla.  I morgon gledar me oss til ein stopp i Heggelia i Målselv. Der budde Jane og eg i 2 år når eg jobba i Forsvaret. Me har mange gode minner frå den tida. Satsar på å køyra til Nord Troms i morgon.


søndag 28. juli 2013

Måtte sykla litt i dag og, nydeleg tur frå Hafslo inn Lustrafjorden og over Sognafjellet. Min favoritt fjellovergang på sykkel. 15 km samanhengande stigning.
Resten av turen til Steinkjer gjekk i bilen i lag med Jane. Me tok det roleg oppover og avslutta med mat i ein sommarvarm kveld i Steinkjer. I morgon satsar me på å køyra til ca Fauske.