Jane og eg køyrde bil i lag til Rognan i dag. Kvalitetstid i lag i bilen.... Sjølv om eg må vera ærleg å sei at me køyrde ein av dei kjedelegaste sterkningane i Noreg, nemleg Namdalen. Jane meinar at Snåsavattnet var svært idyllisk, og det er eg samde i.
I Mosjøen møtte me "gamlelensmannen" i Luster Arne Kvalen og kona Anne Helen. Han var min gode sjef i 6 år.
No fekk me 4 ein hyggeleg lunsj i lag på ærverdige Fru Haugans. Eit hotell eg har overnatta på fleire gonger på mine reiser. Kan anbefalast.
Det var vekslande ver i dag. Til tider kraftig regn- eg tykkjer det er fint at det regnar frå seg no før eg byrjar å sykla. I morgon gledar me oss til ein stopp i Heggelia i Målselv. Der budde Jane og eg i 2 år når eg jobba i Forsvaret. Me har mange gode minner frå den tida. Satsar på å køyra til Nord Troms i morgon.
Ja, bra da regna no. Får håpa da regna seg heilt ferdigt til torsdagen!
SvarSlettDette er et fint mål:-) Heia Arne!
SvarSlett