fredag 16. august 2013

Randaberg - Lindesnes

Ein fantastisk reise er avslutta. Vegen mot målet var viktigaste, men det var òg godt å nå målet. Ein draum er realisert. Opplevinga vart minst lika god som den var i draumen!

Blei ein flott start på siste etappe òg.


Klar for å tråkke de siste mila:-)

Avsluttningsdagen vart perfekt. Godt ver, sol og lite vind. Sykla heilt ut på Jæren, til Borestranda og Orre. Spesiell Jærnatur, fasinerande. Egersund er ein fin liten småby. Eg passerte òg Mong som er perla til ein av mine dyktige tidlegare medarbeidara. Strekninga mellom Egersund og Flekkefjord er svært kupert, men flott for sykkel. RV 44 er fin sykkelveg. Frå Lyngdal og ut mot målet Lindesnes fyr var det overraskande kupert. Mange små fine perler vart passert undervegs i dag òg.


Orre på Jæren.

Hyggeleg prat i vegkanten!
Før Eigersund vart me møtt av søstra til min svoger og deler av hennar familie, hyggeleg!


Studerar oppslaget i Dagblad.

Der skulle me ha vore...

Jøssingfjorden

Kva opplevingar og intrykk set sterkaste att etter turen?  Utan tvil naturopplevingar; det varierte og flotte landskapet. Mangfaldet er stort. Artig å sjå så mykje flotte hus og hagar langs med ruta, mange legg mykje tid og pengar i hus og heim i Noreg. Mykje flott å sjå. Overraskande lite folk å sjå som er ute å trena langs/på veiane våre (er alle inne i helsestudio?)  Molde med omegn var eit unntak; der var det mykje syklistar, både folk som trena og sykla tur. På Sømna møtte eg opp til fleire som var ute å trente.  Har sett overraskande lite dyreliv, bortsett frå all reinen i Finmark, hjorten i Masfjorden og grevlingen utafor Egersund i dag.  

Gunvald Surdal møtte oss i Flekkefjord:-)

Like før Flekkefjord møtte Gunvald Surdal oss, ein mangeårig engasjert og dyktig tillitsvalt som eg har kjent frå tidleg på 1980-talet. Han vart med som kjentmann og fylgjebil heilt ut til fyret. Tusen takk Gunvald!


Framme på Lindesnes!

Eg har sykla ca 2790 km (ca for eg må ha bistand frå sonen min Sindre til å lesa av alle data på computaren min) Spennande å sjå tal høgdemeter eg har forsert og kaloribruken totalt.


Eskortebilen kom for seint...

Mottakinga på Lindesnes var strålande; der stod den svært dyktige lokallagsleiaren for Agder og forbundsstyremedlem Ernst Olav Lunde med flagg og andre overraskingar:-) Han stod i lag med min kjære Jane og Gunvald. Like etterpå kom lokalt forankra politi frå Mandal; dei hadde nok som mål å nå ut før meg, men responstida vart for dårleg;-)
Men Agder fekk no syna fram at dei både har politibil og levande unge politifolk (sjølv om ikkje alle hadde jobb lenger).  Tusen takk Ernst Olav for flott mottaking i Agder, svært hyggeleg!


Synleg politi ved Lindesnes fyr i dag:-)

Gode kollegaer, Ernst Olav og Gunvald.

Tusen takk for turen, Jane!

Hyggeleg mottaking frå PF-leiar i Agder, Ernst Olav Lunde:-D

Bestemora som har køyrd Nordkapp - Lindesnes.

Det utrulege er at alt har gått etter planen; ingen uhell og ikkje ein punktering ein gong! Sykkelen har gjort jobben sin og vel så det. Tusen takk til deg Trekk Madone 6.7. Den har kun fått vask og olje undervegs.
Jane fortenar ein STOR takk! Tolmodig dama. Svært glad for at ho vart med heile turen. Ho har køyrt mykje bil - tusen takk for samarbeidet kjære.


Det var den turen...

Uveret kom i rett tid!

Middag på Moi hotell som me overnattar på.

Det har vore ei stor oppleving å kjenna at kroppen fungerar så utruleg godt! Eg har sykla utan kviledagar, og lange dagsetappar var ein del av min måte å gjera det på (som mange veit er eg utolmodig, så eg må få ting unna). Eg var spent på korleis kroppen ville reagera. Utruleg artig å kjenna at dette takla den 55 år gamle kroppen perfekt. Ikkje vondt nokon stader, ikkje spesielt trøytt og ikkje lei av å sykla, men gledar meg no til springturar i fjellet og flotte padleturar.

Eg har møtt mykje kjekke folk. Det var artig å gjera dette i lag med store delar av familien; ikkje minst at òg 2 av barnebarna fekk ta del i turen. Me har vore utruleg heldige med veret; godveret har stort sett fulgt oss på turen. Litt flaks skal ein jo òg ha. Alt kan ikkje planleggast.

Tusen takk til alle dykk som har fulgt meg på turen via bloggen, fjesboka, sms, mail. Takk for hyggelege helsingar og din interesse! Moro det òg.  Mette fortenar nok ein takk for stort bidrag med bloggen:-)

Draumen er oppfylt! No får ein ta fram andre draumar, og sjå kva ein skal realisera.
No vert det godt å koma heim att til kvardagar i lag med heile familien. Emil på 2 år ventar på bestemor og bestefar. Først skal me ein tur til vakre Øystese og feira mi kjære mor sin 78 årsdag.

onsdag 14. august 2013

Os - Randaberg


Ein strålande dag:-)




På ferja frå Halhjem

Det har vore ein fantastisk dag frå start til mål! Sol det meste av dagen, og faktisk litt medvind innimellom.
Frukosten på Solstrand hotell var ein god start; kan sykla ei stund på den. Sykkelruta over Stord via Fitjar og over til Bømlo var super.  Bømlo har eg ikkje vore i før. Verkeleg ein fin kommune, og stille og roleg å sykla.  Der vil eg tilbake og ha betre tid.


Flott å sykla på Bømlo





Dagbladet lagar reportasje.

På Bømlo vart eg møtt av Dagbladet som ville ha intervju med meg om turen og litt politikk. Truleg kjem første saka i Dagbladet i morgon.


Nest siste fylkesgrense eg kryssar.

Spesiell dag, for no nærmar det seg slutten på turen. Har hatt god tid til refleksjon om fortid og framtid på sykkelsete i 2 veker. Ein ting er eg sikker på, i framtida skal eg ha meir fritid enn eg har hatt dei siste 25 åra. Livet er for kort til å bruka til kun jobbing. Eg vil ha meir tid til familien, trening og turar. Det er viktig å reflektera over kva ein vil prioritera i livet, korleis ein vil bruka tida si.  Yngste barnebarn Emil spurde på tlf , "når kjem du heim att bestefar", då vert ikkje heimlengselen mindre! Jane og eg gledar oss til å koma heim att til Hafslo, men først skal me ein liten tur til Øystese for å feira mor mi sin 78- årsdag. Eg har lova Jane at eg skal køyra bilen til Øystese og Hafslo, med sykkelen på taket ;-)





Drahjelp av Reidar Gaupås over Karmøy:-)

Det vart ein fin avsluttning på ein strålande dag. På Karmøy vart eg møtt av ein dyktig mangeårig tillitsvalt, Reidar Gaupås. Han sykla i lag med meg over Karmøy til flotte Skudesneshavn. Det var hyggeleg å få prata i lag, og litt drahjelp nokre få mil var fint. Har vore dårleg med hjelperyttarar på turen.


Siste ferjeturen; Skudeneshavn - Randaberg.

Jane står løpet ut med stil som einaste i støtteapparatet, det er hyggeleg:-) Bloggsjef stiller òg opp med hjelp, men no frå heimabane på Hafslo.


Kveldsstemning på Viste strandhotell i Randaberg.

Nydeleg kveld på Viste strand hotell i Randaberg. No ventar siste dag av dette eventyret. Eg skal sykla kysten nedover Jæren og nå Lindesnes ut på  kvelden, truleg ca 18-19 tida. Det vert mange km i morgon òg, godt over 200.

tirsdag 13. august 2013

Førde - Os

Litt luft i dekka og så er eg klar.


Det var supert å få sykla i reine treningsklær i dag, Gunnar! Tusen takk for vasken (takka går til Tone som gjorde jobben)! Det har vore ein fin dag; lettskya og litt sol.  Det vart 215 km i dag. Ingen kan sei at eg tek raskaste vegen; i dag var eg  innom Masfjorden. Det er ikkje verdas midtpunkt, men verdt eit besøk. Vegen var som berg og dalbane; opp og ned heile tida, og smal.


Snart ferja i Lavik.

Fine vegar å sykla på, stille og roleg med nesten ingen bilar. Fleire hjort enn bilar...
Ytterpunktet kom på vegen frå Knarvik til Åsane, Arna, Nesttun og Os. Der var det mykje trafikk og ikkje godt tilrettelagt for sykling. I periodar var det sykkelveg, men det vart mykje ut og inn frå veg til sykkelveg. Eg sykla ein del på hovedvegen i svært trafikert veg, det var ikkje ok. Då lengta eg tilbake til Finnmark, der var det greit, ein veg og fleire reinsdyr enn bilar på vegen!

God mat på ferja frå Lavik.


Grensesteinen


Nyter finveret på kabelferja frå Duesund.

Før me starta i dag spurde Jane om eg ikkje snart var lei av å sykla, trur det låg eit håp i spørsmålet;-) Truleg eit håp om at det ikkje vert fleire sånne påfunn, og mindre sykling framover. Men eg er ikkje lei av å sykla, men ser fram til å nå målet. Målet er viktig, men denne gongen er reisa mot målet endå viktigare, difor vel eg ein del spesielle vegar. Ser fram til å få gjort ein del andre ting enn å sykla, pakka, vaska sykkel, eta masse og blogga.


Matpause i Masfjorden.

Har fleire spennande oppdrag for Actis  (samarbeidsorganet på rusfeltet) som eg er styreleiar for. Det er 28 organisasjonar som driv svært viktig samfunsarbeid på heile rusfeltet, sterkt fokus på førebyggjing og behandling. Eg er invitert av Helge Brekke mr Knarvikmila til å snakka om Idrett og Alkohol. Fleire oppdrag ventar.  Rus er eit av våre aller største utfordringar; svært mange born lid av foreldra sin rusbruk og svært mange får redusert livskvalitet av andre sitt rusproblem, for det rammar ikkje berre den som er avhengig! Kvifor får dette tema så liten plass i valkampen?  Truleg fordi det er lite røyster å henta på dette temaet...


Dette kunne blitt det siste bilete av I-Paden...
Me gløymde att I-pad på ein rasteplass i Masfjorden, men den låg framleis der når Jane kom tilbake:-) Truleg fordi ingen andre hadde vore der etter oss...


Endeleg framme ved Solstrand hotell.

Me bur på eit av mine favoritt hotell i natt, Solstrand hotell på Os. Søskenbarnet mitt er kjøkensjef, og det vart servert ein fantastisk god middag i kveld.  Kunne nok tenkt meg meir mat, men det var vel ikkje laga til for personar som brukar 6500-8500 kaloriar per dag.





Idear til fleire sykkelturar?

I morgon går turen over til Stord og Haugesund/Karmøy, truleg over mot Stavanger. Har fått gode tips til vegval frå gode kollega Reidar Gaupås. Det er fint å ha så mange gode kollegar som kjenner vegane godt, gode tips å henta.

mandag 12. august 2013

Hareid - Førde

Det var godt å varma seg i bilen då me venta på ferja frå Volda.
 
 
Dette vart ein VÅT dag. Regna nesten utan stopp. Kun ein periode ved det flotte Jølstra vatnet var det opphald. Det vart 170 km på sykkelen i dag.  Nye vegar, tunellar og bruer er stort sett bra, men også utfordrande for sykelistar. Ein del stader er det ikkje lov å sykla, og det er vanskeleg å finna info om før ein står der. Eiksund sambandet har verdast DJUPASTE tunell, den er ikkje lov å sykla. Det fekk eg info om av ein svært god klassekamerat frå Politiskulen i det gode kullet 1980-1982. Sykkelen måtte på taket i 8 km, men sidan eg har måtta sykla ein del omvegar for å finna overnatting vart det godkjent av støtteapparate i bilen.
 
Alle som har testa kroppen ut på ekstreme fysiske påkjenningar over tid, som opptak til befalsskule, beredskapstroppen eller andre ting, veit at det fysiske er viktige men ikkje minst det psykiske. Når ein set og syklar i ca 7 timar i vått og vått, kan det vera tøfft. Eg tenkte tilbake på opptaksveka på befalsskulen, og hugsa på at det var heilt frivillig, og det eg no driv med er også heilt frivillig.
Det skal jo ikkje berre vera enkle og gode dagar, sånn er jo ikkje livet.  Men det er ei svært god kjensle når ein overvinn lysta til å ta dei enkle vala. Det var godt å koma fram til Førde i dag. Det vart boblebad med kjerringa, ikkje verst. Men det var også ein svært hyggeleg mottaking med ein dyktig og god kollega frå Førde i politibil og mottaking utafor hotellet.  Den gode kollega, Gunnar Englund kom med eit fantastisk tilbod, vasking og tørking av alle treningskleda. Eg takka JA. Han kjente nok på lukta at behovet var stort for vask.  Bloggsjef Mette påpeika det same i går kveld. Lukta var ikkje god påstod ho, ho hadde nok rett.
 
Det fine med regnversdagar er at etterpå kjem sola, og livet på sykkelsete og ellers vert enklare.
 
3/4 av støtteapparatet måtte dessverre reisa heim i dag. Det har vore svært hyggeleg og nyttig å ha med dotter Mette og barnebarna Sander og Eline. Tålmodige små ungar som har køyrt så mykje bil.
I dag er me svært nær heima på Hafslo. Når me passerte Skei var det vel 1 time heim. Sander foreslo at eg skulle berre sykla heim i lag med dei. Det hadde vore freistande å treffa yngste barnebarn Emil og resten av familien igjen, men det får venta til sykkelturen er avslutta.
 
No ser eg fram til å sykla inn i Hordaland i morgon i betre ver og ikkje minst nyvaska klær.
Det var jo synd at trivselsfylket Sogn og Fjordane ikkje kunne syna seg fram frå si beste side i dag, men eg veit jo kor bra det er.
Beklagar om bloggkvaliteten no går litt ned sidan bloggsjefen har reist heim. Jane og eg skal gjera vårt beste, men må innrøma at me tilhøyrer ikkje den teknologiske gullrekka i familien. Det er vel eigentleg sonen Sindre som utgjer den.......
 




Sander og Eline var fornøgde då dei fekk is på ferja Lote - Anda:-)


Mette lika is òg;-)


Klar for matpause på Skei.


Syklar langs Jølstravatnet.


Ein hyggeleg velkomst i Førde!


Godt å slappa av i bobblebad på Førde hotell.

søndag 11. august 2013

Kyrksæterøra - Hareid

Fin og solrik dag på Nord-Møre og i Romsdalen, men vått på Sunnmøre. Det vart 198 km i dag òg. Mykje fint landskap i dag;  Halsa kommune hadde svært variert og fin natur. Eg møtte ein hyggeleg og oppvakt Trønder på ferja frå Halsa. Han lurte på kvifor eg var i dette området når eg skulle til Lindesnes...  Godt spørsmål, for eg har definitivt ikkje valt den kortaste vegen. Men eg har alltid meint at det er ikkje sikkart at det er den mest komfortable eller kortaste vegen som fører til best resultat. Ein kan heller ikkje alltid velja minste motstandsveg (som alt for mange leiarar gjere) Ein må velja den vegen ein trur gjev det beste total resultatet, og mitt vegval er utan tvil det beste i høve til natur, opplevingar og trafikk!


Åt god frukost på Hotell Hemne før eg reiste frå Kyrksæterøra.


Jane, Mette, Sander og Eline køyrde Atlanterhavsvegen.

Støtteapparatet tok seg ein fin tur på Atlanterhavsvegen. Der har eg vore fleire gonger, både på tur med kjerringa, padla kajakk og på jobbreiser; utruleg område!


Varmt og fint på ferje-strekninga Molde - Vestnes:-)

I dag har eg merka trafikken meir; no er eg i meir urbane strok. Ein merkar det òg på meir aggressive bilistar. Det er noko med bilistar og sykelistar i byar, som eg ikkje merkar på same måten på landsbygda. På Sunnmøre har eg i dag møtt/sett heile 3 politibilar; ikkje verst i eit av dei politidistrikta i landet med dårlegast politidekning.  Dersom dette hadde vorte analysert av politistudien og lagt inn i Excel arket hadde sikkert konklusjonen vorte at alle med meir enn 1 politi per tusen innbyggjar har for god dekning...


Grilla marshmallows over stormkjøkken på ein rasteplass på Ørskog fjellet;-)
Opp Ørskogfjellet møtte eg regnet.


I natt bur me på Hareid hotell.

I morgon vil eg ta turen inn i trivselsfylket Sogn og Fjordane. Det er meldt dårleg ver, men vil tru det lettar utover dagen;-) Dessverre så må store delar av støtteapparatet ta turen heim att til Hafslo i morgon. Det er ikkje langt heim når me passerar Skei på veg til Førde. Mette må på jobb og Sander og Eline på fotballskule. Det har vore moro å ha dei med på tur.