Våt, men fin sykkeldag utan vind. Starta frå Solvang camping, 1 mil Nord for Alta og sykla til Fosselv camping ca. 1 mil Nord for Storslett. Mykje vakker natur i dag òg; Kvænangsfjellet er fint! Det låg tett tåke på heile oppturen, men tåka letta når eg var på toppen.
Mette og ungane bada i Nordlysbadet i Alta før avreise, det var veldig bra. Me diskuterte litt kven som vart våtast i dag, dei som bada eller eg som sykla;-)
Nordlyskatedralen i Alta. |
Det vart 171 km på sykkelen i dag, men framleis lite (ingen) politi å sjå på vegen. No når eg har forlatt landets minste (og eit av dei beste) politidistrikta, så får me sjå om det vert meir politi å sjå.
Vest Finnmark politidistrikt og dei andre små distrikta passar ikkje inn i Excel arket til politistudien.
I kveld får me hyttebesøk av den dyktige PF-tillitsmannen Per Øyvind Skogmo, det vert hyggeleg!
Hytta vår på Fosselv camping.
I morgon syklar eg til Tromsø via Lyngen. Etter min vurdering er Lyngen ein av dei flottaste kommunane i Noreg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar