torsdag 1. august 2013

Honningsvåg - Alta


Super dag! Starta i Honningsvåg i sol og varmt, sånn vart det heile dagen til Alta. Men mykje motvind, særleg dei 3 første timane. Det var som å driva med forhandlingar med staten, liten framdrift og lite å gleda seg over. Ein måtte gleda seg over dei små Framstega. Heldigvis har eg erfaring frå jobben med motvind frå alle kantar, men god trening er det. 

Den raude byggningen er Nordkapp vandrerhjem som me budde på i Honningsvåg.


Det vart 192 fine km. Strekninga Honningsvåg- Olderfjorden er flott. Så bar det bort frå havet og til Skaidi og over Sennalandet til Alta. God å sjå att sjøen i Alta. Sennalandet var varmt og godt med varierande vind. Finnmark er variert og flott. Mykje reinsdyr i og ved vegen. 

Vegsperring i Finnmark.
Støtteapparatet gjorde jobben sin godt....... Eline sørga for is på Skaidi.




Kvelden vart super med nydeleg fiskemiddag og hyggeleg prat hos eks lokallagsleiar i PF Vest Finnmark, dyktige Grete og lensmann Knut. Vertskapet var supert!

Hytta vår på Solvang camping.


I morgon går turen over Kvænangsfjellet og til Storslett i Nordreisa. Eit nydeleg område, særleg Kvænangsfjellet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar