Havregraut til frukost. |
FANTASTISK DAG! Me er i rute og alt går etter planen; også været:-) At det regnar og blæs på Vestlandet og sør er fint, for då vert det fint til eg kjem syklande lenger sør;-)
Lyngsalpane i bakgrunn. |
Alle som ikkje har vore Nord for Sinsen krysset må ta turen Nordover. Det er alt for mange som ikkje kjenner sitt eige land. Eg har vore så heldig å ha hatt eit tillitsverv i 25 år som har gjort at eg har reist land og strand og fått opplevd landet.
Men det er noko heilt anna og meir fantastisk å nyta dagane og naturen frå sykkelsete.
Kan anbefalast, men ikkje for alle eg kjenner.....
Men til dei som ikkje vil sykla. Planlegg køyretur frå Nord til Sør og på kryss og tvers i dette vakre landet, og ta hurtigruta ned att. Eg slår eit slag for Norsk reiseliv og turisme!
Tok to ferjer saman med støtteapparatet i dag. |
Det vart berre 132 km i dag, men det er jo trass alt ferie og laurdagskveld:-) No skal me nyta sommarkvelden saman i Tromsø.
Hyggeleg at så mange føl med på bloggen og facebok, kjekt med helsingar og kommentarar!
I morgon vert det Kvaløya-Senja og yttersida av Andøya. Då må eg dessverre forlata vakre Troms for denne gong. Men fantastiske Nordland ventar på oss:-)
Du er jammen litt av en spreking Arne. Du har vel reist på kryss og tvers, opp og ned detta landet en del ganger.
SvarSlettLykke til videre, styr veldig langt unna Vestlandet hvis du ikke har gode regnklær :-)
Gunnar Englund
Kanskje bloggsjef Mette kan legge inn antatt reiserute? Flotte bilder for øvrig
SvarSlettGunnar E
Takk! Skal prøva å få lagt ut reiserute i kveld.
SvarSlett