tirsdag 6. august 2013

Fredvang (Lofoten) - Reipå (Helgeland)

Dagen starta med regnver i Lofoten, så eg var godt våt når eg kom til ferja i Moskenes. 

Lofoten
Det var godt med tørre kle i bilen! Det vart ein fin ferjetur på nesten 4 timar til Bodø. Me kosa oss på båten; is vart det òg. Eg hadde enormt behov for mat i dag, så eg åt stort sett heile båtturen!  Kom òg i prat med eit hyggeleg par frå USA. Dei var ivrige syklistar, skigåarar og padlarar. Han hadde gått det Amerikanske Birkebeinarrennet 32 gonger. Om 2 år ville han besøka oss på Hafslo for å sjå vakre Sogn med fjordar, bre og fjell...

Ferja Moskenes - Bodø
 Lite bølger idag, og på slutten var det så varmt og fint at Jane og eg trekte ut på soldekket; flott innsegling til Bodø. Eg har aldri tykt at Bodø er ein fin by (unnskyld vener i Bodø), men Bodø har eit flott omland med mykje fin natur.  Det var fint å starta å sykla ut av Bodø i sol og varmt.


Flott å sykla nedover mot Helgeland som eg alltid har vore svært glad i. Det var ein varm og fin ettermiddag;
kroppen fungerte godt, sjølv med gårsdagens lange etappe i kroppen. Men eg er glad at det berre vart 141 km i dag... Ein har trass alt ferie;-)

Overnatta på Reipå camping.
I dag hadde me ordna med hytte på camping i Meløy kommune. Eg kom fram til nydeleg middag; fiskegrateng, potetstappe og masse grønsaker. Det var godt! Eg et stort sett sunt og riktig; har fått gode ernæringsråd frå dotter Ann Kristin som er ernæringseksperten i familien.

No har eg sykla ca 1100 km, og har sett 1 politibil på vegen. Den møtte eg på søndag i Torsken kommune, Troms politidistrikt. I dag har eg tenkt mykje på alle dei fantastiske folka eg har møtt på mine utallige reiser som tillitsvalt. Det er dei dyktige kvinner og menn som held hjula i gong, sjølv om Noreg har det dårlegaste bemanna politiet i Europa. Eg har møtt utruleg mange dyktige og flotte representantar for politiet; folk som bygger tillit kvar dag!

2 kommentarer:

  1. Det blir spennende å følge deg videre sørover. Strekningen langs Helgelanskysten er bare fantastisk og det er vare å glede seg. Håper inderlig du får godvær. Min første tur dit var i 2007 http://on2wheels-gawo.blogspot.no/2007/07/kystriksveien-rv-17.html men jeg kommer mer enn gjerne tilbake.
    Å blogge om turen er som å lage minnebok. Si til støtteapparatet at de må ta mange bilder :)
    God tur videre. Jeg følger ivrig med fra bloggverden.

    SvarSlett
  2. Hei og takk for hyggeleg helsing. Ja dei er flinke å ta foto, så det vert nok minnebok. Men minna vil nok leva lenge oppe i mitt eige hovud også

    SvarSlett