Eg starta å sykla kl. 07.30 på Andøya. Godt ver og alt gjekk fint innover mot Sortland; der vart det ein matstopp på Esso. Må ha drivstoff når ein syklar, og det kostar minst så mykje som diesel per mil.
Stokmarknes synte seg frå si finaste side når ein sykla inn over brua.
Det har vorte ein del bruer og tunnellar på turen; ikkje rart at det kostar å byggja veg i Noreg.
Ferja Melbu - Fiskebøl |
Godt med ferjetur frå Melbu, og tid i lag med støtteapparatet. Issjefen Eline ordna med is, og Donald sjef Sander kom med eit resyme over kva fanteri B- gjengen hadde gjort.
Jane hadde ordna svært god lunsj til meg.
Sortland og Stokmarknes |
Eg vart inspirert av Hushovd sine 2 fantastiske seiarar i Polen rundt, så i går køyrde eg nokre spurtar i medvinden. Men eg har jo ingen spurtopptrekkarar......
Men heller ingen å spurta i mot, så eg vann lett spurten.
Svolvær og Kabelvåg. |
Lofoten vart òg fin; Svolvær og Kabelvåg området er fint. Men det vart meir og meir vind utover dagen, først herleg medvind. Utover mot Leknes kom ein kraftig motvind. På ei bru stod det 13 m/s, og den imot kjenner ein.
Kabelvåg |
Lofotr Vikingmuseum |
Ein advarsel, reis ikkje til Lofoten på sommaren utan å ha bestillt overnatting. Det er ikkje lett å få noko på sparket. Det vart ein svært lang dag med 245 km på sete. Fekk til slutt overnatting i eit hus på Fredvang .
Overnattinga vart i eit kvitt hus rett før Fredvang camping.
Mykje vakkert å sjå frå sykkelsete. Men eg har alltid meint at Lofoten er "oppskrytt" i høve til Vesterålen og ikkje minst Helgelandskysten som eg gledar meg til.
Veldig kjekt med blogg!:D
SvarSlettGod innsats av både deg og støtteapparatet so langt!! Stao pao vidare!:)
So bra de lika bloggen:-D
SvarSlettTakk, me held for det meste humøret oppe;-)