Helgelandsbrua |
Super sykkeldag! Starta i lett regn inn mot Sandnessjøen, det vart finare og finare mot Tjøtta. Frå vakre Brønnøysund, via lika fine Sømna til Bogen i Bindal som òg er fint. Sol mykje av dagen. Det vart 171 km i dag.
Tjøtta |
Fint å stå opp og ha så klart mål for dagen. Skal berre sykla 170-200 km og ta ein haug med ferjer; i dag 4 ferjer. Mange kunne hatt behov for større plan for kva ein vil utretta i løpet av arbeidsdagen sin.
Det er morosamt å vera så privligert at ein kan ta ein slik tur, og berre ha ein enkel jobb kvar dag!
Eg kosar meg kvar dag, nyt naturen og livet på og langs vegen:-)
Ferja Tjøtta - Forvik |
Møter mykje hyggelege folk på ferjer, ferjekaiar m.m. Ein gjeng på 5 frå Østfold hadde vore på padletur på Helgelandskysten; svært fint område for padling. Møtte og 3 unge jenter som syklar frå Nordkapp, dei starta 20.7. og i dag tok eg dei att, men dei hadde ingen fylgjebil...
Ferja Andalsvåg - Horn |
Mykje ferjer er det.; ferjebilettørane er minst lika hyggelege som dei på Fjord 1, men serveringa er ikkje lika god overalt. Svelene til Fjord 1 manglar. Ferga frå Tjøtta på 1 time hadde berre vafler og kaffi, det er for dårleg! Men eg fekk 3 gratis vafler fordi eg var så flink på tv (sa dei), hyggeleg det:-)
Støtteapparatet står på vidare. Dei tok seg ein tur til Torghatten i dag. Jane og eg har vore der tidlegare saman med eit vennepar.
Torghatten |
Men fleire politifolk eller politibilar på vegen er det ikkje å sjå..., kun i Torsken.
I dag forlot me dessverre Nord-Noreg. Har sykla litt over halve vegen, ca 1450 km no, og det skal verta ca. 2830; litt avhengig av vegval. Har fått vore innom nokre kommunar eg ikkje har besøkt før, det er fint. Sømna var flott, men òg Bindal. Det er berre å finna fram kartet å planlegga turar...;-) I dag fekk eg min første verkeleg dårlege oppleving med ein bilist; eit eldre par som skulle svinga inn på ein liten veg til høgre. Han berre svinga rett inn framfor meg, billistar forstår nok ikkje alltid at det går fort med sykkel òg. Eg klarde så vidt å unngå å køyra inn i sida på han.
Vert lite nyheitar på denne turen, men må sjekka VG, NRK og Sogn Avis; då veit ein det viktigaste.
Valkampen går sin gang. Min største bekymring er alle dei som ikkje giddar å stemma! Det bør bekymra alle. Kvifor har me så dårleg valdeltaking i eit av verdas beste demokrati? Andre land opplever at veljarane ofrar livet sitt for å få lov til å røysta. Politikarane bør vurdera måten ein driv valkamp på; det vert for lite nytt og inspirerande.
Me overnattar i ein flott leilegheit ved Bogen feriehus. |
I kveld får me besøk i den fine leiligheita me leiger i Bogen; tidlegare lokallagsleiar i Nord-Trøndelag, Rune Arstein, stikk innom. Hyggeleg med besøk!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar