Mangfaldig dag; starta i Tromsø i regn, Kvaløya i lettskya, Senja i MYKJE regn og yttersida av Andøya i vindstille og sol utover kvelden. Utruleg mykje flott natur i dag!
Kvaløya var for meg ei ukjend perla; utruleg variert og flott.
Ferjekaia på Kvaløya. |
Senja har mange små flotte perler, og badeplassar, men eg var våt nok i dag.....
Overraskande kupert sykkelveg, men fin sjølv i regn.
Senjatrollet |
Yttersida av Andøya på kvelden vart toppen av denne dagen; vindstille og meir og meir sol!
Det er ikkje kvar dag det er vindstille ytterst på Andøya.
Andøya |
Så no er me i Nordland; meir vakker natur ventar i morgon nedover Vesterålen og ut i Lofoten mot Leknes.
Ein har god tid å tenkja når ein syklar 7-8 timar for dagen, mykje gode tankar.
Men i dag har eg fundert mest på kva dyr som er mest intelligent av reinsdyr og sau, kom fram til at det må vera reinsdyr. For ingen reinsdyr spring rett ut framfor sykkelen min når eg kjem susande sørover, men det gjere sauer heile tida.... Dette er ingen konklusjon basert på forsking, kun erfaringsbasert. Ein forskar på så mykje rart, så kvifor ikkje eit prosjekt for å sjå om min konklusjon står seg..
Støtteapparatet gjer ein super jobb. Is-sjefen Eline svikta litt i dag; Eline prøvde å overtala mamman, men det vart berre kaker og sjokolade. Ein av mine største utfordringar er å få i meg nok KALORIAR; brukar ca. 6500 per dag. Det vart 188 km på sykkel i dag. Kroppen fungerar heilt supert framleis!
Veldig fint her på Marmelkroken som me bur i natt. |
So flott natur. Fine bilete. Bra turen går so bra, og håpar det forsettat slek!:)
SvarSlettJa, Andøya var flott med mange fine strender!
SvarSlettTakk, det håpar me òg:-)