Det var godt å varma seg i bilen då me venta på ferja frå Volda. |
Dette vart ein VÅT dag. Regna nesten utan stopp. Kun ein periode ved det flotte Jølstra vatnet var det opphald. Det vart 170 km på sykkelen i dag. Nye vegar, tunellar og bruer er stort sett bra, men også utfordrande for sykelistar. Ein del stader er det ikkje lov å sykla, og det er vanskeleg å finna info om før ein står der. Eiksund sambandet har verdast DJUPASTE tunell, den er ikkje lov å sykla. Det fekk eg info om av ein svært god klassekamerat frå Politiskulen i det gode kullet 1980-1982. Sykkelen måtte på taket i 8 km, men sidan eg har måtta sykla ein del omvegar for å finna overnatting vart det godkjent av støtteapparate i bilen.
Alle som har testa kroppen ut på ekstreme fysiske påkjenningar over tid, som opptak til befalsskule, beredskapstroppen eller andre ting, veit at det fysiske er viktige men ikkje minst det psykiske. Når ein set og syklar i ca 7 timar i vått og vått, kan det vera tøfft. Eg tenkte tilbake på opptaksveka på befalsskulen, og hugsa på at det var heilt frivillig, og det eg no driv med er også heilt frivillig.
Det skal jo ikkje berre vera enkle og gode dagar, sånn er jo ikkje livet. Men det er ei svært god kjensle når ein overvinn lysta til å ta dei enkle vala. Det var godt å koma fram til Førde i dag. Det vart boblebad med kjerringa, ikkje verst. Men det var også ein svært hyggeleg mottaking med ein dyktig og god kollega frå Førde i politibil og mottaking utafor hotellet. Den gode kollega, Gunnar Englund kom med eit fantastisk tilbod, vasking og tørking av alle treningskleda. Eg takka JA. Han kjente nok på lukta at behovet var stort for vask. Bloggsjef Mette påpeika det same i går kveld. Lukta var ikkje god påstod ho, ho hadde nok rett.
Det fine med regnversdagar er at etterpå kjem sola, og livet på sykkelsete og ellers vert enklare.
3/4 av støtteapparatet måtte dessverre reisa heim i dag. Det har vore svært hyggeleg og nyttig å ha med dotter Mette og barnebarna Sander og Eline. Tålmodige små ungar som har køyrt så mykje bil.
I dag er me svært nær heima på Hafslo. Når me passerte Skei var det vel 1 time heim. Sander foreslo at eg skulle berre sykla heim i lag med dei. Det hadde vore freistande å treffa yngste barnebarn Emil og resten av familien igjen, men det får venta til sykkelturen er avslutta.
No ser eg fram til å sykla inn i Hordaland i morgon i betre ver og ikkje minst nyvaska klær.
Det var jo synd at trivselsfylket Sogn og Fjordane ikkje kunne syna seg fram frå si beste side i dag, men eg veit jo kor bra det er.
Beklagar om bloggkvaliteten no går litt ned sidan bloggsjefen har reist heim. Jane og eg skal gjera vårt beste, men må innrøma at me tilhøyrer ikkje den teknologiske gullrekka i familien. Det er vel eigentleg sonen Sindre som utgjer den.......
Sander og Eline var fornøgde då dei fekk is på ferja Lote - Anda:-) |
Mette lika is òg;-) |
Klar for matpause på Skei. |
Syklar langs Jølstravatnet. |
Ein hyggeleg velkomst i Førde! |
Godt å slappa av i bobblebad på Førde hotell. |
Gjekk bra detta (med litt bistand frå meg;-)!
SvarSlett