fredag 9. august 2013

Bogen (Nord-Trøndelag) - Lonin (Sør-Trøndelag)

Eg var oppe kl. 05 i dag og tok bilete av den flotte utsikten.


Dagen starta med ein doping sak, ikkje syklisten, men sjefen i støtteapparatet hadde kraftig migrene. Det måtte litt doping til før støtteapparatet kunne halda fram ferda si..., men sjølvsagt kun lovleg doping! Eg starta dagen på grensa Nordland/ Nord Trøndelag og slutta i Sør Trøndelag, like nord for Åfjord.
Det vart 217 km på sykkelen i dag. Mykje opp og ned og flott sykkelver, men mykje kjedeleg natur og lite å sjå i dag.


Ein liten kikk på kartet i Namsos.
I dag møtte eg politibil nr 2, og det var i Namsos.
 Men Osen kommune er flott med både fjell og hav.  Fosen området er variert og mange fine plassar, som bl.a. Stokkøya.


Ein liten drikkepause.

Jane og Mette har teke mange fine foto, som mange av dykk har sendt positive meldingar på. Hyggeleg at mange likar å fylgja med på bloggen! Mette gjere mest jobb, eg slepp unna med litt skriving.
I dag har eg hatt stort behov for å eta MYKJE, kjenner at kroppen vil ha mykje næring og kaloriar no! Eg åt mykje og godt i Namsos og fekk super forpleining frå støtteapparatet på fjellet i Osen. Sander serverte til og med ville bringebær og markjordbær.


Matpause

Kvar skal me finna overnatting?
Jettegryta Reppkleiv.
Me fekk hyggeleg hyttebesøk i kveld òg! Tom Solberg kom på sin flotte BMW motorsykkel. Han møtte meg på vegen; så eg fekk eskorte siste delen i dag:-) Tom er "gamal" lensmannsbetjent og tidlegare ein utruleg dyktig forbundssekretær; no er han ein dyktig advokat. 


Overnattar på ei lita, koseleg hytta i Lonin.

Lukke til alle som skal springa motbakkeløpet Fanaråken opp i morgon, i år vert eg desverre ikkje med. Neste helg går det flottaste motbakkeløpet i Noreg, Skåla opp. Vert utan meg i år det òg.  Motbakkeløp kan anbefalast til alle som likar vakker natur, høg puls, mjølkesyra frå tærna til øyro og er lei av asfalt.
Naturen er mangfaldig i Noreg. Når eg ikkje skryt so av naturen i dag, so må eg sei at eg har sett mykje fin skog, flott dyrka mark og flotte gardsbruk;-). Det er bra for Noregs Bondelag, Senterpartiet og matproduksjonen i landet!'

I dag var det 9. dagen på sykkelsete og kroppen fungerar supert. Det gjere òg sykkelen, og eg er ikkje lei av å sykla.  Mi svært oppegåande mor sa at eg måtte vera "sykkelgal"... ;-)
Eg veit ikkje om det er ein diagnose som min gode kollega frå Sjefskurs nr 10, Jon Reischelt kjenner frå sitt arbeid, men kanskje han kan skriva under på det?
I morgon går ferda nedover Fosen over til Orkanger og ned mot Halsa. Eg ser fram til å ta fatt på vakre kommunar i Møre og Romsdal.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar