onsdag 7. august 2013

Reipå - Nesna

I dag vart det 177 våte km.  Det er morsosamt med ferjer, men ein utfordring med dagsplanlegginga. Greit når det er fint ver, men i dag vart det vått og kaldt å venta på ferjer.

Ferja Jektvik - Kilbohamn.
Det var utruleg godt å få god lunsj på ferja frå Jektvik. Jane hadde brødskiver med laks og egg. Det er god mat å sykla langt på.

Bilete tatt frå følgebilen.

Det er overraskande lite trafikk på vegane, og dei som er på vegen køyrer ekemplarisk i høve til meg som syklist. Det er ikkje berre Sogn og Fjordane som har mykje tunellar, det er det jammen i Nordland òg.
Maaange i dag; sykla òg ein lang som ikkje var lov å sykla......   Men det gjekk fint.

Det var ein regnfull og grå dag i dag; dessverre liten utsikt.

Den styggaste plassen hittil på turen er utan tvil  Glomfjord, men kommunesenteret i Meløy på Ørnes var mykje betre.  Når ein syklar ein heil dag i regn vert ikkje naturen" lika fin" som i godt ver, sånn er det berre.


Me bur på den flotte Havblikk campingplass.

Ein liten kveldstur nede ved sjøen i Nesna.

Kom til Nesna i kveld; spesielt fordi det var her Ole Andreas Selseth var lensmann i mange år (han er død no), og han var ein av dei mest erfarne tillitsvalde i Lensmannsetatens Landslag når eg kom inn i posisjonar som ung og lovande tidleg på 1980-talet. Eg respekterte Selseth for hans klare ideologi, evne til alltid å stå for noko sjølv (ikkje vera så oppteken av kvar vinden bles), behandla alle med respekt og han var utruleg kunnskapsrik, som eit oppslagsverk.   Han stod for noko, som òg vart viktig for meg.  Midt på 1990-talet besøkte eg han på Nesna når me jobba med fusjonen mellom  Norsk Politiforbund og Lensmannsetatens Landslag. Eg var ung forbundsleiar og ville ha gode råd frå ein ringrev. Det var nyttig og fint. Spesielt var det òg at min gode ven og kollega Trond Kirkeby var med meg. Trond vart så tragisk drept i teneste 2 år etterpå i 1998. Han var på oppdrag på Austbø saman med sin gode kollega og ven Sigurd Wang; begge vart skutt og drept.Tragisk sak!

Eg er framleis i "det nye Nord-Noreg politidistrikt".
Det er galskap å laga dette til eitt politidistrikt!  Kvar er dei som tek til motmæle eller problematiserar dette i debatten? Så langt har eg kun registrert politimeistar Torbjørn Aas.

I morgon tek me resten av Helgeland, og om eg får alt til å klaffa med ferjer kan me havna i Nord -Trøndelag. Har eigentleg ikkje lyst å forlata Nord -Noreg... Litt vemodigt.

2 kommentarer:

  1. Anne Britt Skjerven7. august 2013 kl. 22:28

    Detta går unna, masse flotte bilder. Dette er nok ei kjempeoppleving for alle saman vil eg tro, masse lykke til vidare :)

    SvarSlett
  2. Hei og takk for hyggeleg helsing. Ja det er spesiell oppleving for oss alle, det går fint

    SvarSlett