lørdag 10. august 2013

Lonin - Kyrksæterøra

Det har vore ein flott sykkeldag; sol og fint å sykla. Det vart 198 km i dag; litt tyngre i dag... merkar at kroppen vil ha meir næring!

Støtteapparatet held seg godt, men trur dei byrjar å verta litt trøytte. Jane har nok bestemt seg for å koma i Guiness rekordbok som den første bestemora som køyrer bil Nordkapp-Lindesnes. Mette får ikkje køyra ein meter, og er glad for det.
Sander og Eline er tålmodige og stort sett greie, litt krangling høyrer jo med...


Såg ein politibil langs vegen i dag;-) 
Eg har tenkt mykje på den store politistudien i dag. Dokumentet har av mange vorte lant til grunn som sanninga, men det er verkeleg grunn til å stilla mange spørsmål ved dette arbeidet. Det kan sjå ut som ein har starta med konklusjonen om at politidirektøren må ha ei lita leiargruppe, dette har vorte førande for arbeidet.
Mange viktige prinsippielle ting er ikkje drøfta, som dei grunnleggjande 10 prinsipp for politirolla i samfunnet som Stortinget har stadfesta mange gonger og sist i 2005.  Dersom grunnlaget i politistudiet skal gjennomførast vil ein i framtida få eit heilt anna politi enn ein har hatt; prinsippa om lokal forankring, sivilt preg, mangfald i arbeidsopgåver, sterk kontroll med politiet og fleire ting kan verta endra. Det som verkeleg undrar meg er at no ser det ut som at mange har akseptert påstanden om at det ikkje er for lite ressursar i politiet, men dei må berre utnyttast betre. Har ein gløymt at målet er 2 politi pr 1000 innbyggjar og i dag er det kun 1,6? Sverige har no faktisk 2,2! Eg er spent på å sjå om partia tar eit standpunkt i denne viktige saka i valkampen. Så langt er det vel eigentleg berre Senterpartiet som har vore tydelege. Kva vil AP og Høgre?


Drikkepause i Bjugn.

Livet på og langs vegen har vore prega av at eg er i meir urbane strok enn eg har vore på ei stund... Betydeleg meir trafikk, særleg på E 39. Godt tips til dei som skal på tur med bil, sykkel eller motorsykkel langs kysten nordover: det er laaangt mellom kvar bensinstasjon eller stad å få kjøpt seg noko, so ein må planleggja godt! Eg har alltid rikeleg med nødproviant i sykkelveska.


Ferja Brekstad - Valset.

 Ferjeturen frå Brekstad var svært fin; flott landskap og nydeleg ver.


Ispause ved Ellingsgården.
I dag vart det fleire is på oss, det er jo sommar og laurdag;-) 


MAT:-)

Kyrksæterøra

Overnattar på eit grått og kjedeleg hotell i Kyrksæterøramen plassen er koseleg.

Me enda opp i Kyrksæterøra med overnatting. Det var ingen ting ledig i Halsa, for der var det ein festival.
I morgon går turen nedover til Sunnmøre via Molde. Støtteapparatet tek truleg vegen om Atlanterhavsvegen. Den har eg vore mange gonger på, så droppar den no. Det er eit utruleg fint område, ikkje minst for padling. Vert fint å sjå Sunnmørs alpane igjen. Nermar meg òg trivselsfylket Sogn og Fjordane. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar