Ein fantastisk reise er avslutta. Vegen mot målet var viktigaste, men det var òg godt å nå målet. Ein draum er realisert. Opplevinga vart minst lika god som den var i draumen!
|
Blei ein flott start på siste etappe òg. |
|
Klar for å tråkke de siste mila:-) |
Avsluttningsdagen vart perfekt. Godt ver, sol og lite vind. Sykla heilt ut på Jæren, til Borestranda og Orre. Spesiell Jærnatur, fasinerande. Egersund er ein fin liten småby. Eg passerte òg Mong som er perla til ein av mine dyktige tidlegare medarbeidara. Strekninga mellom Egersund og Flekkefjord er svært kupert, men flott for sykkel. RV 44 er fin sykkelveg. Frå Lyngdal og ut mot målet Lindesnes fyr var det overraskande kupert. Mange små fine perler vart passert undervegs i dag òg.
|
Orre på Jæren. |
|
Hyggeleg prat i vegkanten!
|
Før Eigersund vart me møtt av søstra til min svoger og deler av hennar familie, hyggeleg!
|
Studerar oppslaget i Dagblad. |
|
Der skulle me ha vore... |
|
Jøssingfjorden |
Kva opplevingar og intrykk set sterkaste att etter turen? Utan tvil naturopplevingar; det varierte og flotte landskapet. Mangfaldet er stort. Artig å sjå så mykje flotte hus og hagar langs med ruta, mange legg mykje tid og pengar i hus og heim i Noreg. Mykje flott å sjå. Overraskande lite folk å sjå som er ute å trena langs/på veiane våre (er alle inne i helsestudio?) Molde med omegn var eit unntak; der var det mykje syklistar, både folk som trena og sykla tur. På Sømna møtte eg opp til fleire som var ute å trente. Har sett overraskande lite dyreliv, bortsett frå all reinen i Finmark, hjorten i Masfjorden og grevlingen utafor Egersund i dag.
|
Gunvald Surdal møtte oss i Flekkefjord:-) |
Like før Flekkefjord møtte Gunvald Surdal oss, ein mangeårig engasjert og dyktig tillitsvalt som eg har kjent frå tidleg på 1980-talet. Han vart med som kjentmann og fylgjebil heilt ut til fyret. Tusen takk Gunvald!
|
Framme på Lindesnes! |
Eg har sykla ca 2790 km (ca for eg må ha bistand frå sonen min Sindre til å lesa av alle data på computaren min) Spennande å sjå tal høgdemeter eg har forsert og kaloribruken totalt.
|
Eskortebilen kom for seint... |
Mottakinga på Lindesnes var strålande; der stod den svært dyktige lokallagsleiaren for Agder og forbundsstyremedlem Ernst Olav Lunde med flagg og andre overraskingar:-) Han stod i lag med min kjære Jane og Gunvald. Like etterpå kom lokalt forankra politi frå Mandal; dei hadde nok som mål å nå ut før meg, men responstida vart for dårleg;-)
Men Agder fekk no syna fram at dei både har politibil og levande unge politifolk (sjølv om ikkje alle hadde jobb lenger). Tusen takk Ernst Olav for flott mottaking i Agder, svært hyggeleg!
|
Synleg politi ved Lindesnes fyr i dag:-) |
|
Gode kollegaer, Ernst Olav og Gunvald. |
|
Tusen takk for turen, Jane! |
|
Hyggeleg mottaking frå PF-leiar i Agder, Ernst Olav Lunde:-D |
|
Bestemora som har køyrd Nordkapp - Lindesnes. |
Det utrulege er at alt har gått etter planen; ingen uhell og ikkje ein punktering ein gong! Sykkelen har gjort jobben sin og vel så det. Tusen takk til deg Trekk Madone 6.7. Den har kun fått vask og olje undervegs.
Jane fortenar ein STOR takk! Tolmodig dama. Svært glad for at ho vart med heile turen. Ho har køyrt mykje bil - tusen takk for samarbeidet kjære.
|
Det var den turen... |
|
Uveret kom i rett tid! |
Det har vore ei stor oppleving å kjenna at kroppen fungerar så utruleg godt! Eg har sykla utan kviledagar, og lange dagsetappar var ein del av min måte å gjera det på (som mange veit er eg utolmodig, så eg må få ting unna). Eg var spent på korleis kroppen ville reagera. Utruleg artig å kjenna at dette takla den 55 år gamle kroppen perfekt. Ikkje vondt nokon stader, ikkje spesielt trøytt og ikkje lei av å sykla, men gledar meg no til springturar i fjellet og flotte padleturar.
Eg har møtt mykje kjekke folk. Det var artig å gjera dette i lag med store delar av familien; ikkje minst at òg 2 av barnebarna fekk ta del i turen. Me har vore utruleg heldige med veret; godveret har stort sett fulgt oss på turen. Litt flaks skal ein jo òg ha. Alt kan ikkje planleggast.
Tusen takk til alle dykk som har fulgt meg på turen via bloggen, fjesboka, sms, mail. Takk for hyggelege helsingar og din interesse! Moro det òg. Mette fortenar nok ein takk for stort bidrag med bloggen:-)
Draumen er oppfylt! No får ein ta fram andre draumar, og sjå kva ein skal realisera.
No vert det godt å koma heim att til kvardagar i lag med heile familien. Emil på 2 år ventar på bestemor og bestefar. Først skal me ein tur til vakre Øystese og feira mi kjære mor sin 78 årsdag.